Søre Sunnmøre
FIRST LEGO League er meir enn ein konkurranse – det er læring i praksis. Gjennom hausten jobbar barn og unge med teknologi, innovasjon og samarbeid, der dei får utforske verkelege problem, finne eigne løysingar og utvikle framtidskompetanse saman i lag.
På Søre Sunnmøre er dette eit felles løft for regionen. Skular, lærarar, kommunar, frivillige og næringsliv står saman om å gi elevane ei oppleving av meistring, skaparglede og ekte engasjement for realfag.
Satsinga er mogleggjort gjennom Sparebanken Møre og deira samfunnsengasjement TEFT – saman gir vi tilbake – som bidreg til å gjere dette til eit trygt og gjennomførbart opplegg for skulane. Gjennom FIRST LEGO League får elevane vere nysgjerrige, kreative og utforskande – dei programmerer robotar, utviklar innovative prosjekt og lærer å samarbeide om å løyse utfordringar. Her er det plass til alle, og det viktigaste er ikkje å vinne, men å lære, prøve og oppleve meistring undervegs.
Turneringsdagen er høgdepunktet – ein dag fylt med energi, stoltheit og gode opplevingar. Her får laga vise fram arbeidet sitt, møte andre lag og bli heia fram av lokalsamfunnet.
Dette er ikkje berre ein dag – det er resultatet av eit heilt haustsemester med innsats, samarbeid og læring. Og det er akkurat dette som gjer FIRST LEGO League til noko heilt spesielt:
Program
Tentativt program.
Dørene åpner: 0800
Presentasjon av lagene: 0845
(Alle lag sitter i tribunen på sin plass/skole og blir ropt opp og presentert)
Første presentasjon: 0930
Første robotkamp: 0930
Pause: 1200 – 1245
Siste Robotkamp i innledende runder: 1355
Første kvartfinale: 1430
Første semifinale: 1450
Finaler: 1500
Premieutdeling: 1545
Slutt: 16:00
Der kommer mere praktisk info når vi nærmer oss.
Allmän information
Arrangemangsplats
Volda Campus Arena
Adress
Joplassvegen 1, 6103 Volda
Registrerade lag






