Søre Sunnmøre
FIRST LEGO League på Søre Sunnmøre 2025
Denne hausten inviterer kommunane i Sjustjernesamarbeidet alle skular på Søre Sunnmøre til å vere med på ei lærerik, kreativ og framtidsretta reise gjennom FIRST LEGO League – ei turnering som kombinerer teknologi, samarbeid og innovasjon på ein måte få andre undervisningsopplegg kan måle seg med.
Oppgaveslipp: Laurdag 13. september
Finale: Laurdag 8. november i Volda Campus Arena
Vertskommune: Volda, i samarbeid med dei andre kommunane i Sjustjernesamarbeidet
Mål: At 32 klassar frå regionen deltek
Deltakaravgift: Alle kostnader vert dekka av Sparebanken Møre
Dette handlar ikkje berre om LEGO og robotar – det handlar like mykje om å tenkje nytt, kreativt og løysingsorientert. Elevane skal undersøkje eit aktuelt samfunnsproblem, og gjennom samarbeid, idéutvikling og forsking finne fram til nye og innovative løysingar. Det handlar om å stille dei gode spørsmåla, leite etter svar, og utvikle konsept som faktisk kan gjere ein forskjell i verda rundt oss.
FIRST LEGO League gir rom for både fantasi og fakta – og bygg stoltheit, meistring og framtidstru hjå dei unge. Det er ei oppleving som set varige spor og som viser at læring kan vere både engasjerande, utfordrande og morosam på same tid.
Vil di klasse vere med og forme framtida?
Ta kontakt med prosjektleiar Audun Hopland for rettleiing og avtale om klassebesøk:
E-post: ahopland@gmail.com
Telefon: 957 50 027
Bli med og skap framtidas problemløysarar – ein idé, eitt samarbeid og éin LEGO-kloss om gongen!

Program
Foreløpig program (endringer må forventes)
Lørdag 8. november
09:00 Dørene åpnes på Volda Campus Arena
10:00 Første presentasjon starter
11:15 Robotkamper starter
14:00 Finalekamper
15:30 Premieutdeling
16:30 Arenaen stenger
Allmän information
13. september går startskuddet for høstens mest spennende og innovative læringsopplevelse. I åtte uker skal deltakerne jobbe med et samfunnsaktuelt og engasjerende oppdrag, som avsluttes med en turnering hvor de får vise hva de har lært og skapt.
Vi håper så mange lag som mulig fra alle kommunene i 7-stjerna ønsker å delta. Målgruppen er 10-16år.
Vi som leder prosjektet på Søre skal lede og trygge din klasse gjennom de ulike delene av oppdraget. Om du har spørsmål ta kontakt på mail ahopland@gmail.com eller telefon 95750027
mvh
Audun
Turneringskommitté

