Gå til hovedinnhold
Group 7036
Artikler
Bli kjent med Helena og Matthias i Kvinnherad

Bli kjent med Helena og Matthias i Kvinnherad

Prosjektleder
Publisert: 12. mars 2024

Månedens prosjektledere er enige i at det viktigste for deltakerne og seg selv er at FIRST LEGO League både er gøy og lærerikt. Hils på Helena og Matthias som til daglig jobber hos Newton Kvinnherad.

https://admin.hjernekraft.org/media/g24btxev/dsc_6559.jpg

– Hvor mange år har dere jobbet med FLL?
– I 2022 deltok me med eit lag på ein turnering i nabokommunen. Då var me rettleiarar saman med kontaktlærar for klassen. I 2023 hadde me vår første turnering i Kvinnherad. Det var 18 lag som deltok.

– Hvorfor holder dere på med FLL?
– Me held på med FLL fordi det er gøy og lærerikt! Det er mykje jobb med å arrangere FLL, men det er så viktig at elevane får bli med på dette. FLL er læreplanen i praksis. Det å sjå gleda elevane har gjennom arbeidsperioden og turneringsdagen, er motivasjon for oss.

– Hvorfor vil dere anbefale veiledere og lag å melde seg på FLL?
– Dette er ein framifrå måte å styrkje klassemiljøet på. Kjerneverdiane i FLL passar perfekt til dette (inkludering, samarbeid og moro). Elevmedverknad er sentralt i FLL, då elevane sjølve vel problemstillingar innanfor årets tema. Korleis dei undersøkjer denne problemstillinga, får dei òg velje sjølve.

– FLL gir ein unik moglegheit til å besøke bedrifter, museum og liknande, sidan elevane må kontakte ekspertar for prosjektet sitt. Dette gjer at det dei arbeider med kjennest relevant. I FIRST LEGO League er rapporten dei skriv retta mot ein tydeleg mottakar, noko som ifølgje forsking er viktig for at elevane skal oppleve skrivinga som meiningsfull. Dette kjem òg fram i kjerneelementet «Skriftleg tekstskaping».

- FLL gir deltakarane praktisk erfaring med programmering, noko som er relevant i den verkelege verda der teknologisk forståing og dugleikar er avgjerande for å halde tritt med den raskt skiftande teknologien. Hovudgrunnen til å melde seg på er at det er kjekt og lærerikt.

– Hva gleder dere dere mest til med årets sesong?
– Vi gleder oss mest til å få vite tema og møte nye lag. Me jobbar på eit Newton-rom, så me får programmert ganske mykje i prosjektperioden. Me gleder oss òg til å sjå alle dei ulike løysningane på årets robotoppdrag, både av lag som er på besøk på Newton-rommet og på turneringsdagen.

– Hvis dere hadde fått velge tema på årets oppdrag, hva er deres drømmetema?
- Noko om havet. Det er me begge interessert i. Det vil òg vere svært aktuelt då me bur i ein havbrukskommune.

– Fortell en fun fact om dere selv!
– Helena ser alle Harry Potter filmane kvar desember. Matthias seier om seg sjølv at han er så dårleg å synge eller spele instrument at musikaliteten hans er akkurat nok til å sette på ein CD-plate i CD speler.

 


 Stemning fra turneringsdagen i Kvinnherad i 2023